Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ce87e58a5b7ea9333aa
name: plugins_common_social_share (widget)
Davik

Hornelen Via Ferrata, Guida halvdagstur, Hekseveggen

Er du klar for å ein friluftsoppleving utan sidestykke? Hornelen Via Ferrata er ein heilt ny Via Ferrata som tar deg 860 meter opp Europas høgaste sjøklippe. Loddrett spenning med sjøen rett under deg og luft rundt deg er noko du og dine seint vil gløyme.

Hornelen Via Ferrata har to løyper; Olavsruta og Hekseveggen. Hekseveggen som har fått namn etter nedre del av fjellveggen, er ein flott halvdagstur som passer dei fleste med normalt god form. Velkommen til ditt neste eventyr hos Hornelen Via Ferrata!

Denne guida halvdagsturen går føre seg på den nedre delen av Hornelen Via Ferrata kalla Hekseveggen.Turen er eit godt val for dei som ønskjer ein kortare klatretur, med moderat vanskegrad. Sjølv om den har ei mindre utfordrande stigning, er det framleis ei spennande og luftig oppleving å krysse rett over skipsleia.

Klatre ein Via Ferrata i så spektakulære, luftige omgivnader skaper djuptgåande meistringskjensle og glede.

For deg som er sporty og har lyst til å utforska ein ny aktivitet, aleine eller på familie- eller vennetur

Dei dyktige guidane tek hand om din og gruppa sin sikkerheit, slik at du kan fokusera heilt på di eiga klatring og opplevinga i gruppa.

Pris

1195,- pr. person.

Inkludert i prisen:

Tilgang til Via Ferrata klatreløypa

Via Ferrata klatreutstyr;

Hjelm,

Sele

Via Ferrata Slynge

Guide

Trenger sjølv:

Sko,

Passande kledning

Hanskar (kan tas med eller kjøpast i butikken)

Dagstursekk

Matpakke og drikke (ingen vatn tilgjengeleg undervegs)

Informasjon om turen

Halv dag (ca. 4 timar)

Vanskegrad: Moderat nivå

Min. vekt 40 kg / maks 120kg

Min. 14 år (treng waiver underskrive av ein vaksen)

Maks 6 personar i ei gruppe per guide

Sesong frå starten av Juni – Oktober

Turen startar med ein gåtur i fjøra, ca. 45 min. Så blir det ca. 2 timar klatring også blir det retur til utgangspunkt på ca. 1,5 time

Källa: Visit FjordKysten

0

Hornelen Via Ferrata, Guida halvdagstur, Hekseveggen

Nyligen besökta sidor